22. januar 2012

e-Bøker og lesebrett

Eg har kjøpt meg mitt første lesebrett! Har hatt det i snart ei veke nok og er veldig fornøgd. Har til og med kjøpt meg mi første e-bok, og blitt irritert for at adobe var nede den dagen så eg ikkje fekk åpne epub-fila, og måtte ty til Bokskya for å få begynt på boka eg hadde så lyst å lese. Heldigvis var adobe meir samarbeidsvillig neste dag slik eg alt har fått lest ut boka på lesebrettet mitt.

Eg har kjøpt meg eit Sony lesebrett som støttar ePub, PDF og TXT filer. Greit å ikkje være heilt låst til ein bokforhandlar, som eg trur eg ville ha følt om eg hadde kjøpt meg Kindle (og da hadde eg ikkje kunne ha kjøpt e-bøker  på norsk (utvalget ville vært fall ha vore enda meir begrensa)).

IMG_5299

"Drømmeløs" av Jørgen Brekke vart første boka som vart lest ut på lesebrettet. Spennende krim, nummer to om politietterforskeren Odd Singsaker, der handlinga er lagt i Trondheim, i no tid og 1700-tallet. Eit lik blir funne med ein spilledåse opp på seg som spiller ein mystisk sang ingen heilt kjenner til.

Så langt har eg fylt opp lesebrettet mitt mest med engelske klassikera, som er gratis, frå project Gutenberg, og skodespel av Henrik Ibsens. Er mange stader ein kan finne gratis, og lovlige, e-bøker, mens ein ventar på at prisinga på norske e-bøker skal bli litt meir fornuftig. Bokselskap.no, Ibsen.net og Project Runeberg for å nemne nokre. 

3 kommentarar:

Elin sa...

Capris.no er et bra sted hvis du leser bøker på svensk. :)

Hvilken modell har du?

Ida sa...

Eg har ein prs-t1.

Såg at bokklubben hadde to krim bøker på norsk som kosta 9 kr ( og dei samme for 5 kr på nordli) så ein kan finne billige bøker innimellom. Trur ikkje eg kjem til å kjøpe så mange i den prisklassen eg har kjøpt i. ;) litt for dyrt for ei fil etter min smak.

Nattfall sa...

Fortsatt skeptisk til lesebrett, jeg altså. Jeg ser jo miljøfordelene, men særlig koselig og sjarmerende virker det ikke.