Når eg først var i sentrum var eg innom resten av bruktbutikkane, og fann med eit fat og eit par skåler til Tor Viking serviset mitt. Må virkelig ta ei vareopptelling neste gong eg er heime, anar ikkje kor mange skåler eg har... Eller om eg berre har dessert skåler...
26. januar 2012
I går var det åpning av ein ny gjenbruksbutikk her i Trondheim, NMS gjenbruk. Eg var innom ein tur og fann meg ei oransje korg til å ha på veggen. Har ikkje heilt bestemt meg for kor eg vil ha den enda, så den blir støtta opp av bordet mitt så lenge, og oppbevarar det nye hekleprosjektet mitt.
Fann også ei fin broderibok som eg fekk ein kjempe ide av! Brettholder! Har hatt lyst på det lenge, men finn aldri noko eg syns eg fin på bruktbutikkar så korfor ikkje berre lage det sjølv?
Når eg først var i sentrum var eg innom resten av bruktbutikkane, og fann med eit fat og eit par skåler til Tor Viking serviset mitt. Må virkelig ta ei vareopptelling neste gong eg er heime, anar ikkje kor mange skåler eg har... Eller om eg berre har dessert skåler...
Når eg først var i sentrum var eg innom resten av bruktbutikkane, og fann med eit fat og eit par skåler til Tor Viking serviset mitt. Må virkelig ta ei vareopptelling neste gong eg er heime, anar ikkje kor mange skåler eg har... Eller om eg berre har dessert skåler...
22. januar 2012
e-Bøker og lesebrett
Eg har kjøpt meg mitt første lesebrett! Har hatt det i snart ei veke nok og er veldig fornøgd. Har til og med kjøpt meg mi første e-bok, og blitt irritert for at adobe var nede den dagen så eg ikkje fekk åpne epub-fila, og måtte ty til Bokskya for å få begynt på boka eg hadde så lyst å lese. Heldigvis var adobe meir samarbeidsvillig neste dag slik eg alt har fått lest ut boka på lesebrettet mitt.
Eg har kjøpt meg eit Sony lesebrett som støttar ePub, PDF og TXT filer. Greit å ikkje være heilt låst til ein bokforhandlar, som eg trur eg ville ha følt om eg hadde kjøpt meg Kindle (og da hadde eg ikkje kunne ha kjøpt e-bøker på norsk (utvalget ville vært fall ha vore enda meir begrensa)).

"Drømmeløs" av Jørgen Brekke vart første boka som vart lest ut på lesebrettet. Spennende krim, nummer to om politietterforskeren Odd Singsaker, der handlinga er lagt i Trondheim, i no tid og 1700-tallet. Eit lik blir funne med ein spilledåse opp på seg som spiller ein mystisk sang ingen heilt kjenner til.
Så langt har eg fylt opp lesebrettet mitt mest med engelske klassikera, som er gratis, frå project Gutenberg, og skodespel av Henrik Ibsens. Er mange stader ein kan finne gratis, og lovlige, e-bøker, mens ein ventar på at prisinga på norske e-bøker skal bli litt meir fornuftig. Bokselskap.no, Ibsen.net og Project Runeberg for å nemne nokre.

8. januar 2012
21. desember 2011
Hadde eg hatt eit juletre...eller to...
...ville eg ha pynta det med noko av det her:
Snøfnugg frå Kreftforeninga
... eller for eit litt meir barnsleg juletre ville eg ha hatt noko slikt:
8. desember 2011
Hekla hals
Vinterens store tilbehørs-hit er for min del halsar i ulike slag. Den siste som har blitt til er ein hekla hals etter oppskrift frå Garnstudio. Er ikkje heilt fornøgd med at den er så vid i halsen, men ellers er den veldig fin. Og er i grunnen ikkje så vanskelig å hekle heller, sjølv om Garnstudio skriv på oppskrifta at det er "En vakker utfordring!".
Er nok fargegjengivinga til høgre som er mest korrekt, eller så er det ein fage midt i mellom dei to bileta.
1. desember 2011
Julemysteriet av Jostein Gaarder
Om du ikkje har lest boka anbefales den. Boka handlar om Joakim som finn seg ein litt annleis julekalender i ein bortgjømt bokhandel. I denne kalenderen fell det ut ein liten lapp med ei fortelling kvar dag i advent om ei jente som heiter Elisabeth og hennar reise til Betlehem. Koslig og spennende historie for store og små.
28. november 2011
"Ikke gjør som morra di sier"
Av og til skal ein ikkje høyre på kva mamma seier om strikkprosjektet sitt og berre fortsette. For sjå kor fint det vart! Ho meinte at det her det kom ikkje til å gå bra for det var alt for få masker til å få over haude. Berre tull og fanteri ;)
Resultatet var ein deilig okergul hals i Royla alpakka som varmar godt i halsen og nedover skuldrane.
27. november 2011
Adventstid
I år er det mitt første året uten eksamensstress like før jul. Herleg! Så i år skal adventstida nytes! Sidan dei eg har budd i kollektiv med før har hatt adventsstake har det ikkje blitt til at eg har skaffa meg ein før no. Har kjøpt staken på Indiska, mens pynten er frå Søstrene Grene.
Så tenner vi et lys i kveld av Inger Hagerup
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede
Vi tenner fire lys i kveld
og lar dem brenne ned
For lengsel, glede, håp og fred,
men mest allikevel
for fred på denne lille jord
hvor menneskene bor.
20. november 2011
Fuglejakke
Ei grå ulljakke med små hull har fått ein liten make over. Ein fugl i filt, litt brodering og nokre heklemasker seinare vart resultatet slik.
30. oktober 2011
Anes fargerike origamistjerner
I Eplas jul, juleboka der 33 Epladamer deler gode idear om advent og jul finn ein blandt anna Anes fargerike origamistjerner. Eg er vel nesten innhabil når eg sei at eg syns dei er kjempefine, sidan det er systra mi som har laga dei. Har laga ei slik stjerne ein gong før når eg var på besøk med Ane, men hugsar ikkje heilt korleis ein skulle gjere det så strevde pitte litt før det gjekk om eit lys for meg når eg prøvde å brette. Når eg fyrst fekk det til bretta eg tre stykk på rappen! Lett og bli hekta når resultatet blir så fint, og finare og finare for kvar stjerne ein brettar når ein byrjar å få nøyaktigheita inn i fingrane.
Siljes søte pynt i papir har eg også lyst å prøve med på etter kvart. Er vel litt tidlig å begynne å ta heilt av med advent og julepynten, men skal ein rekke alt før jul må ein vel begynne no? Eller kva?
29. oktober 2011
Hekla vintercape
Inspirert av vintercapen til Pickels har eg hekla meg eit plagg som liknar litt. Brukte Lett Lopi garn som eg har fått i gave så hekla til det ikkje var noko meir garn. Takka være den grå stripa vart capen passe lang.
Eg er syns slike plagg er veldig fine, men føler at eg har på meg eit telt når eg tar dei på. Bra redninga ikkje var så vanskelig å ordne, for med eit belte vart alt så mykje bedre. Blir nok eit godt og varmt plagg i vinter kan eg tenke meg.
21. oktober 2011
Blogglotteri hos With love by Ane
Den flink og kreative systra mi har blogglotteri for tida der du kan vinne eit armbandsur med valgfri reim!
Reglane er enkle og blir som følgjer:
2 lodd = innlegg på din eigen blogg om blogglotteriet. Bruk gjerne biletet over
1 lodd = være fast følgjar av bloggen
1 lodd = like Ane Havnegjerde Design på Facebook.
9. oktober 2011
Hals og bursdagsblomster
Feira bursdagen min tidlegare i veka og fekk blandt anna nokre fine blomar. Buketten er fortsatt like fin sjølv om eg fekk den på tirsdag. Kjekt å ha noko som friskar litt opp her inne når det er ruskevær ute..

Når været ikkje er heilt slik som ein kunne ha tenkt seg passat det fint å få gjort ferdig ein hekla hals i deilig merinoull og bomull. Har blitt veldig glad i halsane mine. Deilig med skjerf og sjal der endane ikkje dett opp, men berre hell seg på plass så ein blir god og varm.
Håpar du har ein trivelig søndag. Her blir det lesing og masse te-drikking etter kvart.

3. oktober 2011
Ein snar tur til "London"
Ein liten snar visitt til "London" var det i går når Trondheim kino hadde direkteoverføring frå Royal Albert Hall av Phantom of the Opera. Var veldig kjekt å kunne ta ein billig variant av musikalopplevelsen. Salen var fullstappa, kanskje ikkje så rart når det er ein ganske så populær musikal, som har 25 års jubileum i år. Vart ikkje skremt av direkteoverføring av musikalar, så neste gong skal eg bestille bilettar litt tidligare så det blir bedre plassar.
Vart litt skeptisk når vi las i programmet at det skulle være talar siste halvtimen. Men heldigvis var det Andrew Lloyd Webbers sjølv som prata pitte litt og introduserte orginal besetninga. Sarah Brightman, som er den orginale Christine, sang samane med fem Phantom. Kjekt å få med seg og føle at ein nesten var der.
Når ein alt har musikken på hjerna, kanskje ein like godt skal ta å lese boka bak musikalen av Gaston Leroux?

2. oktober 2011
Broderi på genser
Etter å ha prøvd meg litt med nål og tråd på eit fleece teppe turte eg å prøve meg på loppis genserne min som hadde eit lite hull på ryggen. Ein blome vart brodert over hullet og litt "svinga" var laga.
Er ikkje så lett å ta bilete av seg sjølv bakfra som blir bra. Så litt detalja visar nok betre korleis det vart.
For å ta igjen litt av fargen på blomsten laga eg litt pynt framme i halsen også. Er litt merkelig å berre ha dekor på baksida syns eg.
Er alt i gang med ei loppis ulljakke som har samme problmet med nokre små hull. Litt ullbroderi og applikajson blir det nok på den. Fortsettelse følger...

Abonner på:
Innlegg (Atom)